Etablerarkurs våren 2022

Atheno vil i løpet av våren arrangere ulike kurs for etablerarar eller nyetablerte bedrifter. Ta ein kikk og sjå om det er noko som kan passe for deg.

StartOpp kurs i februar

Det er mange ulike spørsmål som dukkar opp når ein har ein god idé som ein ynskjer å realisere i eit produkt eller ei teneste.
I løpet av februar vil Atheno halde StartOPP kurs i fleire av Sunnhordlandskommunane, der du vil få ei innføring i kva som er viktig å tenke på i samband med ei etablering.