Kommunal kompensasjonsordning for lokale verksemder i Sveio

Sveio kommune har 294 000 kroner til fordeling gjennom kommunal kompensasjonsordning for å hjelpa lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

Kven kan søkja

  • Verksemder som har falle heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane og som kan dokumentera inntektstap og/eller særlege kostnader som følgje av pandemien.
  • Reiseliv, arrangement og serveringsnæringa vil bli prioritert.

Kriterium for tildeling

  • Samla tilskot skal ikkje overstiga 50% av tapskostnadane, og det kan maksimalt søkjast om 100 000 kroner.
  • Tilskota skal gjevast som bagatellmessig støtte.

Korleis søkja

Søknad skal sendast gjennom www.regionalforvaltning.no

Ordninga er å finna under «Sveio kommune – kommunal kompensasjonsordning runde 6». 

Dokumentasjon av tap/kostnader verksemda har hatt etter 1. mai 2021 skal leggjast ved søknaden.

Vurdering av søknader

Atheno AS vil på vegner av Sveio kommune handsama søknadene og gje ei tilråding til kommunen. Tildeling vil deretter bli gjort administrativt av Sveio kommune.

Kontaktperson

Ta kontakt med Atheno AS v/ Reidun Rykkje på e-post reidun@atheno.no eller mobil 917 45 102 for spørsmål og hjelp i samband med søknadsprosessen.

Søknadsfrist

Siste frist for innsending av søknad er fredag 18. februar 2022.