Stord kommune har til fordeling kr 1 119 000,- som kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder.
Målet med ordninga er å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av nye lokale eller nasjonale smitteverntiltak.
Desse kan søkje/kriteria:
- Lokale verksemder som har falle heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane og som har særlege utfordringar som følgje av smitteverntiltaka og kan dokumentera inntektstap og/eller særlege kostnader som følgje av pandemien, skal ha prioritet.
- Samla tilskot skal som hovudregel ikkje overstiga 50 prosent av tapt omsetnad/kostnader og det skal aldri overstiga 75 prosent. Det kan som hovudregel maks søkjast om kr 300 000.
- Reiselivs- og serveringsnæringa og arrangement skal ha særleg prioritet.
- Tilskota skal gjevast som bagatellmessig støtte.
- Den sjuande tildelingsrunden skal kompensera for tapt omsetnad etter 1 november 2021 og fram til 28 februar 2022.
Lag og organisasjonar er ikkje søknadsberettiga.
Korleis søkje:
Søknad skal skje gjennom www.regionalforvaltning.no.
Ordninga finn du under «Kommunal kompensasjonsordning Stord 7”.
Det skal leggast ved dokumentasjon på omsetnadstap bedrifta har hatt i perioden det vert søkt støtte til.
Vurdering av søknadar
Atheno vil på vegne av Stord kommune handsama søknadane. Formannskapet tek endeleg avgjerd om tildeling.
Søknadsfrist: Siste frist for innsending av søknad er 27. mars 2022.
For spørsmål og hjelp i søknadsprosessen, kontakt Reidun Rykkje i Atheno. reidun@atheno.no
Tlf 917 45 102.