Atheno har tilsett Lene Pilskog som leiar for Attraksjon Sunnhordland. Ho skal saman med kommunane og industrien legge til rette for framtidas industriutvikling i Sunnhordland.
Lene Pilskog kjem frå Renevo der ho har arbeidd som leiar for innovasjon. Ho har tidlegare arbeidd som avdelingsrådgjevar ved Høgskulen på Vestlandet og som prosjektleiar i Atheno.
Me er glade for at me har fått Lene attende på laget. Ho har den erfaringa og kompetansen me har leita etter, og ho har med seg verdifull røynsle frå arbeidet med å etablere biogassfabrikk på Eldøyane. Ho er arbeidsam, god til å bygge nettverk og flink i møte med folk. Dette vert utruleg spanande, seier dagleg leiar i Atheno, Astrid Kjellevold.
Næringsutvikling i eit lengre perspektiv
Attraksjon Sunnhordland er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane Bømlo, Kvinnherad, Stord, Fitjar, Vestland fylkeskommune og industrien i regionen. Hovudmålet er å legge til rette for, – og tiltrekke seg ny næringsverksemd i Sunnhordland.
Me må gjera regionen vår meir attraktiv for investeringar og nyetableringar. Spesielt med tanke på nye, grøne arbeidsplassar. Akkurat no er det god flyt i Sunnhordland med låg arbeidsløyse og høg aktivitet. Med Attraksjon Sunnhordland-arbeidet skal me rigge oss for næringsutviklinga i eit lengre perspektiv. Den jobben veit eg at Lene Pilskog vil gjere på ein god måte i tett dialog med kommunane og næringa, seier styreleiar i Atheno, Lars Solberg!
Dei nye industrietableringane
Pilskog vil ha base hos Atheno på Verket, men vil ha stor del av arbeidskvardagane sin ute i dei ulike kommunane. Ho gler seg til å ta fatt på jobben.
Å arbeide for meir berekraftig verdiskaping og fleire arbeidsplassar i Sunnhordland er for meg veldig meiningsfullt. Det er sjølve grunnlaget for å kunne skape og oppretthalde gode bumiljø. Eg ser fram til å leie og koordinere arbeidet med å skape dei nye industrietableringane, seier Pilskog.
Lene tek til i jobben 2. mai.