Samlinga vart gjennomført i eit samarbeid mellom Atheno og Kristian Notland Harnes og Erik Aldner i Nuen. I workshopen fekk bedriftene blant anna arbeidd med eigne materialstraumar i eit sirkulært perspektiv.
- Workshopen fekk sett lys på både moglegheitene og kompleksiteten til arbeidet med sirkulærøkonomi. Når ein skal gjere eit materialinnkjøp kan ein gjere bevisste val som aukar sirkularitet og er positivt for klimarekneskapen. Men det er ikkje nødvendigvis enkelt å finne ut kva som faktisk er det rette valet, fortel Geir Mosaker i Leirvik AS.
Christina Buhl i Endra Solenergi deltok også på dei to workshopdagane.
- Vår motivasjon for å delta på denne workshopen var å få eit innblikk i sirkulærøkonomi, spesielt som input til vår bærekraftstrategi. Dette er jo veldig aktuelt i forhold til solceller. Og det aller mest interessante for oss var å lære meir om livsløpsanalysar, og kunne sette opp ulike vegar til same produkt. Det var spennande å sjå kva som utgjorde ein forskjell i CO2 – rekneskapen, fortel ho.
«Det aller mest interessante for oss var å lære meir om livsløpsanalysar, og kunne sette opp ulike vegar til same produkt».
Christina Buhl, Endra Solenergi
Workshopdeltakar Christina Buhl saman med prosjektleiar i Atheno, Ole Jacob Eide.
Reguleringar og intensiver
Geir Mosaker har klare tankar om kva som må til for at lokale bedrifter skal gå over til meir sirkulære forretningsmodellar.
- For at slike modellar skal auke tilstrekkeleg må det klare reguleringar og gode økonomiske insentiv på plass. Dersom det ikkje blir enklare å gjere det lønsamt å bruke ressursane våre på ny, vil det vere vanskeleg for Noreg som samfunn å klare å nå dei måla som til dømes FN og EU set fram, meiner Mosaker.
Sirkularitet aktuelt i samband med berekraftsstrategi
Christina Buhl i Endra Solenergi vil nytte element frå workshopen inn i eigen bedrift.
- Me tar det me har lært her med som input i vårt arbeid med bærekraftstrategi som me for tida arbeider med. Dette er også interessant i forhold til val av leverandørar, og i forhold til arbeid med kva som skjer med panela etter enda levetid. På generelt grunnlag var det veldig nyttig å sjå korleis slike analyser vert gjennomført.
Også Mosaker tek med seg ny kunnskap inn i eigen organisasjon.
- Me har fått større innblikk i kommande krav til sirkularitet, noko som me allereie i dag har byrja å merke for nokre av marknadene våre. Workshopen har dessutan bidrege til ei auka bevisstgjering på eit viktig felt som me og andre liknande bedrifter definitivt bør arbeide vidare med, seier Mosaker.
«Me har fått større innblikk i kommande krav til sirkularitet, noko som me allereie i dag har byrja å merke for nokre av marknadene våre».
Geir Mosaker, Leirvik AS
Gode tilbakemeldingar
Workshopen synleggjorde behovet for kompetansepåfyll hjå deltakarbedriftene.
- Målet med workshopdagane var å gje deltakarane kunnskapspåfyll om sirkulærøkonomi, og korleis ein kan arbeide med dette i eigen bedrift. Framleis er dette ganske upløgd mark for mange. Me har fått mange gode attendemeldingar på både innhaldet og den praktiske delen av workshopen der deltakarbedriftene kunne fokusere på eigen bedrift, fortel prosjektleiar i Atheno, Ole Jacob Eide.
Opnar for nye workshop-samlingar
Prosjektleiaren er tydeleg på at det kan bli halde fleire slike workshopar i 2023.
- Me har hatt eit framifrå godt samarbeid med Kristian og Erik i Nuen som har utvikla ein unik metodikk i samspel med oss i Atheno. Dei er kunnskapsrike, har arbeidd tett med tematikken i eige Minus-prosjekt, – og er gode til å sjå korleis kvar enkelt bedrift konkret kan arbeide med dette. Om det er bedrifter som ynskjer å delta på sirkulærworkshop i 2023 er det berre å gje oss eit vink, avsluttar Eide.
Mrk: Workshopen i november 2022 vart mogleggjort med støtte frå Vestland Fylkeskommune gjennom prosjektet «Grøn 2030».