Nyttårshelsing

Astrid
Eg ynskjer meg eit 2023 der me vågar å både håpa og vera begeistra for framtida! I Atheno har me lagt bak oss eit år med høgare aktivitet enn nokon gang. Og det må seiast: For nokre menneske me får arbeida saman med, - for ein region - og for eit næringsliv!

Me legg også bak oss eit år der det har vore uro på fleire frontar. Pandemi, strømkrise, grunnrenteskatt og krympflasjon. Ukraina, Putin og globale kriser. Nedgang i økonomien og demokrati under press. Verda ser heilt klart annleis ut enn sist me gjekk inn i eit nytt år, og kanskje ein del av dette bilete vil vera ein del av den nye normalen.

No er me på startstreken til eit nytt år, og for Atheno er det eit år som startar med feiring av fylte 35 år. Framleis unge og spreke tenkjer me. 2022 vart avslutta med nyhende om at me har fått plass i det nye nasjonale inkubatorprogrammet til Siva, og me synest det er utruleg inspirerande å gå inn i 10 nye år med inkubatordrift. Dette gir eit sterkt grunnlag for arbeidet med nye bedrifter og utvikling i dei etablerte. Me skal gjer ein skilnad også i 2023!

Atheno sine eigarar utgjer ei av Noreg sine sterkaste industriklynger. Det er ei felles kraft og eit fundament for prosjekt og kunnskapsauke i ei tid som krev nytenking. Nye og gamle konstellasjonar er under utvikling, både innan næringsliv og kommune-sektoren. Samarbeid vert definert som eit av dei viktigaste suksesskriteria framover. Her meiner eg det er store moglegheiter. Så også i vår region. Me må alle utfordre oss sjølv på korleis me kan arbeide saman framover.

Kvifor skal eg velgje å bu og arbeide i Sunnhordland? Spørsmålet er ofte å høyre frå unge som vurderer kvar dei skal leva og bu. Me ser at me i langt større grad må tre fram og fortelje verda vår moglege framtidshistorie. Kva skal ein skapa her i vår region i framtida? Kvifor skal dei unge og håpefulle bu og arbeida her? Det vert kamp om menneska, me må arbeide på nye måtar, – og ikkje minst må me i fellesskap skapa begeistring for vår region.

Me går eit svært spennande første halvår i møte. Inkubatoren har fått ei skikkeleg vitamininnsprøyting, Invest In Sunnhordland-satsinga byrjar å få fotfeste, og «Bu i Sunnhordland» som me deler med Sunnhordlandsrådet er i framifrå fin utvikling. I tillegg skal me vidareutvikle arbeidet med etablerartenesta i kommunane, og me skal arbeide med BIO-hubar og solkraft. Ja, – me skal faktisk arrangere Vestlandets største solkraftkonferanse den 21. mars.

Me er heldige. Veldig heldige! Det er det ingen tvil om. Det er sjølvsagt alltid ting som kunne vore betre. Og noko av det enklaste ein kan gjera er å klaga. Men, – me har interessante jobbar i ein superspennande region – i ein av dei tryggaste delane av verda. Det må me verdsette! Eg kjenner meg privilegert som får arbeide med å styrke regionen vår saman med resten av Atheno-teamet.

Avslutningsvis har eg eit ynskje som ikkje handlar om jobb, men verda me lever i. Bestemor ynskja seg alltid «Fred på jord» til jul. Eg forstod nok ikkje heilt dette, men i vår tid og i vår verden opplever me no dette tettare på. Eg har eit inderleg håp om at krigen i Ukraina tar slutt snarast mogleg. Det er mitt største nyttårsønske!

Astrid Kjellevold
Dagleg leiar, Atheno

Astrid