Inviterer til høgaktuell solkraftkonferanse 21. mars

Atheno arrangerer solkraftkonferanse saman med Solenergiklyngen og Endra Solenergi på Stord i mars. Ein konferanse om kva fornybare energimoglegheiter som ligg i solkraft.

Solenergi er ein lite nytta energiressurs i Noreg om ein samanliknar med energikjelder som vatn og vind. Men satsinga på sol er i endring. Det er større vilje og interesse enn nokon gong tidlegare til å satse på sol. Energikommisjonen sin rapport som vart lagt fram onsdag 1. februar peikte på at det hastar med å utvikle ei meir heilskapleg regulering som legg til rette for både solkraft på bygg, og bakkemontert solkraft.

  • Det har vore svært positivt for oss i Atheno å samarbeide med Solenergiklyngen og Endra Solenergi for å rigge denne konferansen. Dei sit med viktig fagkunnskap, og saman har me rigga eit program som me meiner vil gje deltakarane kunnskap og vise moglegheiter for kva moglegheiter som ligg i utbygging av solkraft på Vestlandet, fortel prosjektleiar i Atheno, Ole Jacob Eide.

Konferansen vert halden på Stord Hotell 21. mars.

  • Vår målsetnad er at dette skal bli den største og mest aktuelle solkraftkonferansen på Vestlandet i år. Me har fått med oss spennande innleiarar og god breidde i programmet. I tillegg til å få med seg mange gode innlegg og ulike perspektiv, så er dette også ein svært god arena for å knyte nye kontaktar og for kompetansepåfyll, fortel kollega og rådgjevar i Atheno, Reidun Rykkje.

Målgruppa for konferansen er ulike folk frå næringslivet, energileverandørar, representantar frå kommunar og fylke, politikarar, – og elles alle som har interesse for solkraft. Konferansen er ein del av Solkraftveka 21. – 23. mars der det også vil bli moglegheit for å delta på fleire ulike seminar. Desse vert lansert innan kort tid.

Program for konferansen og påmelding finn du her: Solkraftkonferansen i vest 2023 – Atheno