Solkraftveka 2023 samla over 200 deltakarar

Frå 21. - 23. mars arrangerte Atheno Solkraftveka 2023 saman med Solenergiklyngen og Endra. Konferansen på opningsdagen hadde 125 deltakarar. Dette er største arrangementet knytt til solkraft nokon gong i Sunnhordland.

Fornybar energi er ei etterspurt vare i Noreg og i Europa. Klimakrisa og krigen i Ukraina har forsterka behovet. På Vestlandet har moglegheitene knytt til solkraft hamna litt i skuggen av hydrogen og vindkraft. Men potensialet er stort. Leiar i Solenergiklyngen, Trine Kopstad Berentsen fortalde at solkraft kan utgjere 5 – 10 % av straumen produsert i Noreg i 2030. I dag utgjer solkraft under 0,2 %.

  • Det kom tydeleg fram på konferansen på Stord hotell at det er innanfor solkraft dei lettast tilgjengelege moglegheitene knytt til fornybar kraft ligg. Teknologien er stort sett kjent og det er kortare veg frå initiativet er sådd til eit anlegg kan stå klart til å produsere straum enn det er til dømes med vasskraft eller vindkraft, fortel prosjektleiar i Atheno, Reidun Rykkje.

Solkraft og elfly

Saman med kollega Ole Jacob Eide har ho arbeidd siste månadane med å rigge møteplassane knytt til Solkraft.

  • Me har fått utruleg mange gode tilbakemeldingar etter konferansen og seminara. Det er sjølvsagt veldig kjekt! Konferansen inneheldt både innlegg om sol som del av det  store fornybare energibiletet, innlegg frå våre folkevalde, samt synleggjering av konkrete prosjekt som til dømes solparken ved Stavanger Lufthamn Sola ved planansvarleg Wenche Torvund. Eit prosjekt som allereie går i pluss og som riggar flyplassen i satsinga mot elfly i framtida, fortel Eide.

Den fornybare øya

Finnøy-prosjektet Mulitconsult har kartlagt for Stavanger kommune viste og unike moglegheiter. Innlegget til foredragshaldar Håkon Person overraska og inspirerte mange. Person synleggjorde at det var fullt mogleg at øya kunne blir sjølvforsynt med fornybar energi i løpet av få år. 

  • Det var ein overordna målsetnad med både konferansen og seminara å vise fornybare moglegheiter knytt til sol. Og få samle folk slik at nye kontaktar og synergiar kan oppstå. Med 125 deltakarar frå store deler av landet nådde me ut til fleire enn me hadde turt å håpa på i forkant, fortel Eide vidare.

Fylkesordførar i Vestland Fylkeskommune, Natalia Golis (t.v) var konferansier for Solkraftkonferansen på Stord Hotell. Her saman med prosjektleiarane i Atheno, Ole Jacob Eide og Reidun Rykkje.

«Framme i skoen»

Seminara som vart arrangert i Solkraftveka 2023 handla om både regelverk og moglegheiter knytt til solceller på bustader og bygg, og var spesielt retta mot byggenæringa, kommunane og private.

  • Begge seminara hadde god deltaking. Det er tydeleg at ein del bedrifter og kommunar er «framme i skoen» og ser openberre fordeler med lokal solkraftproduksjon, medan andre framleis ikkje heilt har sett kva moglegheiter som ligg der. Eg trur me kjem til å sjå ei endring på det i åra som kjem, seier Reidun Rykkje.

Bransjeorganisasjonen Solenergiklyngen og Endra i Haugesund var medarrangørar av «Solkraftveka i vest 2023», og Vestland Fylkeskommune støtta arrangementa gjennom Atheno-prosjektet «Grøn næringsutvikling med fornybar solkraft». Dei gode tilbakemeldingane og ynskja frå deltakarbedriftene og kommunane gjer at Atheno allereie er i dialog om ein ny Solkraftkonferanse i 2024.