Kraftrapport med tydelege signal til politikarane og styresmaktene

Skal Sunnhordland lukkast med grøn næringsutvikling i dei kommande åra må lokal kraftproduksjon og nettkapasitet aukast vesentleg. Det slår ein ny rapport utarbeida av Invest In Sunnhordland fast.

Skal Sunnhordland lukkast med grøn næringsutvikling i dei kommande åra må lokal kraftproduksjon og nettkapasitet aukast vesentleg. Det slår ein ny rapport utarbeida av Invest In Sunnhordland fast.

Sunnhordlandsregionen har konkrete utfordringar knytt til tilgang på kraft og distribusjon av kraft. Dette reduserer moglegheitene for større industrietableringar og nye bedriftsinitiativ, – og ein risikerer at selskap som kunne vore aktuelle for oppstart i Sunnhordland heller vel å starte opp i andre regionar eller land.

  • Den manglande krafttilgangen i Sunnhordland var ei problemstilling me vart kjend med i kartlegging av areal og infrastruktur i oppstartsåret vårt. Den nye rapporten stadfestar og aktualiserer kva utfordringar me står ovanfor, – og viser at det hastar med å gjere tiltak, seier leiar i Invest In Sunnhordland, Lene Pilskog.

Det er kommunane Bømlo, Fitjar, Kvinnherad og Stord som er med Invest in Sunnhordland som vert administrert gjennom Atheno. Det er kraftsituasjonen i desse fire kommunane som dannar grunnlag for rapporten. 

  • Ser ein bort frå Kvinnherad og Husnes, der det er 150 MW tilgjengeleg på transmisjonsnettet, så har Sunnhordland eit kraftunderskot i dag. For bedrifter som har auka kraftbehov over 1 MW i resten av Sunnhordland er det lite truleg at ein har ledig kapasitet til meir elektrisk forbruk før i 2028. Skal me i åra framover ha nok kraft må me sjå på kva moglegheiter som ligg innanfor energieffektivisering, energigjenvinning og lokal kraftproduksjon, seier Magne Heimvik som har leia arbeidet med rapporten.

Heimvik har årelang leiarerfaring frå kraftbransjen. Han peikar på at årsakene til at Sunnhordland no står i denne situasjonen er samansette.

  • Det er klart at elektrifiseringa av sokkelen er uheldig for landbasert industri. Kraftbehovet på Johan Sverdrup-feltet råkar til dømes spesifikt vår region. Men det er også lokale forhold som skapar utfordringar. Stord transformatorstasjon er høgt lasta og har liten reserve, – og det er manglande nettkapasitet i SKL-ringen som Sunnhordland er del av saman med Haugalandet, held Heimvik fram.

Rapporten kjem med klare tilrådingar både på kort og lang sikt. Oppgradering av Stord transformatorstasjon og ny trafostasjon på Midtfjellet i Fitjar vil kunne vere tiltak som betrar situasjonen fram mot 2028.

  • Me håpar at både bransjen, kommunane, politikarane og myndigheitene tek denne rapporten på alvor og nyttar den som verktøy og kunnskapsgrunnlag for vidare arbeid med å betre kraftsituasjonen i Sunnhordland. Betre krafttilgang er avgjerande for å sikre eksisterande arbeidsplassar og legge til rette for nye grøne arbeidsplassar i regionen, avsluttar Lene Pilskog.

————

Ta gjerne kontakt for meir utfyllande info:

Lene Pilskog: lene@atheno.no / 48 15 10 50

Magne Heimvik: 97 55 60 65

Lenke til heile rapporten finn du her: https://storymaps.arcgis.com/stories/891b8607da2d453082a0322cd9961249