Atheno sine styrekurs er populære

Heile 90 personar har delteke på Atheno sine kurs i praktisk styrearbeid i 2022 og 2023. Auka kunnskap knytt til styrearbeid styrker lokale verksemder i krevjande marknader.

Heile 90 personar har delteke på Atheno sine kurs i praktisk styrearbeid i 2022 og 2023. Auka kunnskap knytt til styrearbeid styrker lokale verksemder i krevjande marknader.

Atheno sitt styrekurs er heildagskurs som rettar seg mot ferske styremedlemmar, men også mot dei som har ein del erfaring.

  • Kurset tek føre seg blant anna styret si juridiske rolle og ansvar, oppgåver og fokusområde, -og korleis ein praktisk gjennomfører gode styremøter, fortel prosjektleiar Reidun Rykkje i Atheno.

Styreleiar i Atheno, Lars Solberg, er kurshaldar. Han har lang erfaring frå styrer både lokalt, nasjonalt og internasjonalt, – og sit på svært mykje kompetanse og erfaring som han deler med deltakarane.

  • Målet med desse styrekursa er å gje deltakarane nokre gode verktøy i dei styra dei sit. Me har samla dei mest sentrale temaene på dette kurset. Samtidig får deltakarane kome med eigne erfaringar og diskutere aktuelle problemstillingar, noko me ser stor gevinst av, fortel Solberg vidare. 

Neste styrekurs er planlagt i mars 2024. 

  • Me har fått svært mange gode tilbakemeldingar frå deltakarane. Og me ser at det er eit stort behov for kompetansefyll knytt til styrearbeid også vidare. For dei som ynskjer å delta på neste kurs så er det berre å ta kontakt, avsluttar Reidun Rykkje.