Kraftrapporten til Invest In Sunnhordland har fått stor merksemd lokalt og nasjonalt. Den syner realitetane i den regionale kraftsituasjonen. På Kvinnheradskonferansen nyleg, – stadfesta statsråd Terje Aasland viktigheita av meir elektrisk kraftproduksjon framover både regionalt og nasjonalt.
Det er på det reine at kraftsituasjonen i Sunnhordland er utfordrande om ein skal lukkast med større industrietableringar i åra framover.
- Dette er ei verkelegheit som eg trur mange ikkje har vore klar over. Siste månaden har me difor vore ute i kommunane og fortalt politikarane om stoda, og me har vore invitert til å delta i ulike fora for å sette denne viktige tematikken på dagsorden. Mange har meldt tilbake at dei ikkje var klar over kraftutfordringane me har i vår region, seier Lene Pilskog, leiar for Invest In Sunnhordland.
Treng fortgang
På Kvinnheradskonferansen presenterte Pilskog den lokale kraftrapporten. Ho leia også paneldebatten om korleis ein skal finansiere dei grøne energikjeldene i framtida.
- Eg registrerte både vilje og mål om å få fortgang i arbeidet med å styrke regionen sin kraftsituasjon. Men me treng konkret handling, og me har ikkje god tid om me skal få til vekst i næringslivet, spesielt i ytre delen av Sunnhordland, held ho fram.
Olje og energiminister Terje Aasland deltok også på konferansen. Han understreka behovet for å produsere meir fornybar kraft nasjonalt.
- Aasland var tydeleg på at me treng meir elektrisk kraft for å oppfylle forpliktingane våre knytt til Co2-kutt og gjeldande klimaavtalar, samt behovet i marknaden. Dette fortel oss at me må halde trykket oppe for å få til meir produksjon og forsyning av fornybar kraft i vår region framover. På den måten kan me gjere ein skilnad for lokalt næringsliv, og også bidra positivt til betring i klimaet nasjonalt og internasjonalt, avsluttar Pilskog!
Lenke til rapporten finn du her: