Atheno sine fagforum

Å legge til rette for relevante møteplassar for våre medlemsbedrifter er ein viktig del av Atheno sitt arbeid. Atheno sine fagforum samlar sentrale ressurspersonar innan sitt fagfelt, på tvers av bedriftene.

Å legge til rette for relevante møteplassar for våre medlemsbedrifter er ein viktig del av Atheno sitt arbeid. Atheno sine fagforum samlar sentrale ressurspersonar innan sitt fagfelt, på tvers av bedriftene.

  • Historikken med fagforum i Atheno går langt tilbake i tid. Dei er starta opp etter initiativ frå våre medlemsbedrifter. Bedriftsleiarfagforumet og HR-fagforumet er dei me har drifta lengst. Så er det kome fleire til dei seinare åra, fortel dagleg leiar i Atheno, Astrid Kjellevold.


Fagforuma er arenaer for gjensidig læring og deling av idear, tilnærmingar, konsept og ulike løysingar. Som tankesmie og ressurspool skal det kunna bidra til nytenking og innovative prosessar som verksemdene kan hausta gevinstar frå.

  • Desse fagforuma kan også vera ein arena for å etablera felles utviklingsprosjekt med deltaking frå fleire verksemder innan det aktuelle fagområdet, fortel ho vidare.

Fire ulike fagforum

Sjølv leiar ho bedriftsleiarfagforumet og HR-fagforumet, medan Nils Kjetil Haukanes leiar digitaliseringsfagforumet og Ole Jacob Eide leiar kommunikasjonsfagforumet. 

  • Felles for fagforuma er at dei er tilrettelagt for medlemsbedriftene, og at det er leiarar innanfor dei ulike fagområda som er medlemmar. I snitt møtest me fire gonger i året. Samlingane er både hos Atheno og ute i medlemsbedriftene. Til dømes hadde me kommunikasjonsfagforum hos Bremnes Seashore sist veke. Ei samling med representantar frå 10 ulike bedrifter. Internkommunikasjon sto på agendaen, med påfølgjande erfaringsdeling og gode diskusjonar, fortel prosjektleiar Ole Jacob Eide.

Tidsaktuelt fagforum etablert i 2023

Nyaste fagforumet i Atheno si portefølje er innanfor digitalisering.

  • Dette fagforumet er etablert etter initiativ frå våre medlemsbedrifter og hadde oppstart i år. Det byrjar no å ta form, og me har fått sett viktige tema på dagsorden allereie. Tilbakemeldingane frå deltakarane er positive, avsluttar prosjektleiar Nils Kjetil Haukanes.

PS! Det eksisterer også eit Atheno delA-byggfagforum, men dette er lagt opp etter ein litt anna modell både når det gjeld samlingar og tilknyting til Atheno!

Bilete: Bjørnar Michaelsen Svendsen er intern kommunikasjonsansvarleg og ein av eigarane i Bremnes Seashore. Her fortel han kommunikasjonsfagforumet om korleis dei målretta arbeider med internkommunikasjon i bedrifta.