Evaluerte «En vei inn» i Sogndal 

Før helga var Atheno og ei rekkje aktørar frå verkemiddelapparatet frå Vestland samla i Sogndal for å peile ein felles kurs for korleis ein kan løfte gründersatsinga på Vestlandet til nye høgder.

Før helga var Atheno og ei rekkje aktørar frå verkemiddelapparatet frå Vestland samla i Sogndal for å peile ein felles kurs for korleis ein kan løfte gründersatsinga på Vestlandet til nye høgder.

Satsinga «En vei inn» skal gjere det endå enklare for gründerar og andre aktørar i næringslivet å komme i kontakt med dei rette personane og miljøa i verkemiddelapparatet!

  • Klarar me å knyte gründerane opp mot dei rette kompetansemiljøa tidleg blir det enklare å lukkast. Under samlinga vart det løfta fram gode erfaringar og innsikt i arbeidet som er gjort hittil, og me fekk gjort gode evalueringar, fortel Nils Kjetil Haukanes som representerte Atheno.

Innovasjon Norge har ei leiande rolle i pilotprosjektet «En vei inn» og deltok saman med Atheno, representantar frå fylket, samt kompetansemiljø frå heile Vestland.

 «En vei inn» er forankra i regjeringa gjennom Nærings- og fiskeridepartementet, og er del av ei større satsing for å gjere verkemiddelapparatet smidigare og meir tilpassa næringslivets behov på veg mot nullutsleppssamfunnet. (Regjeringen.no)