Marine Manager er blitt ein favoritt i den maritime bransjen

Verkstadopphald for skip og fartøy er kostbart. Både verft, reiarlag og underleverandørar leitar stadig etter forbetringsmoglegheiter. No ser fleire og fleire til Marine Manager sitt effektive digitale prosjektverktøy for betre dokumentflyt og kommunikasjon. Marine Manager er tilknytt Atheno sin Siva-støtta inkubator og har vore del av inkubatoren sidan oppstart.

Marine Manager er tilknytt Atheno sin Siva-støtta inkubator og har vore del av inkubatoren sidan oppstart.

– Gjennom vårt nettverk og kompetanseprogram har Marine Manager med Torstein Rasmussen i spissen tatt nye steg. At dei no opplever vekst i tråd med ambisjonane og planane dei målretta har arbeidd med, er veldig kjekt å sjå, fortel inkubatorleiar i Atheno, Kjetil Djuve.

Saumlaust system

Tilbakemeldingane frå kundane er at dei opplever at Marine Manager sitt digitale prosjektverktøy gjer ein forskjell. Tom Eiane ved GMC Yard AS i Stavanger er ein av dei som nyttar Marine Manager sin app i det daglege arbeidet.

Tom Eiane i GMC Yard AS i Stavanger meiner Marine Manager sitt prosjektverktøy gir betre dokumentflyt og mykje betre oversikt enn løysingar dei nytta tidlegare. (Foto: GMC Yard AS)

– Me har veldig god erfaring med Marine Manager. Det er oversiktleg og enkelt, og så lenge formenna våre brukar dette vert det enklare både for våre prosjektleiarar og våre kundar. Det er eit saumlaust system. Største fordelane er betre flyt, enklare dokumentasjon og mykje betre oversikt. I tillegg sparar det oss tid, slår han fast.

Han trekk fram ein kommentar frå ein kunde som eksempel.

– Vår kunde sa: Me kuttar daglege møter. Dette verktøyet gjer meg mykje betre oversikt, og eg treng difor ikkje vere til stades for signering heile vegen, fortel Eiane.

Like enkelt å nytte som Snapchat

Eirik Hvidevold i Norled har også positive erfaringar med bruk av Marine Manager ved verkstadopphald.

– Me nyttar det i fyrste rekke til dokumentasjon. I snitt vart det gjerne lagra fem bilete i samband med eit verkstadopphald tidlegare. Og registreringa var veldig tungvint. I dag kan me gjerne ha 200 – 300 bilete til dokumentasjon. I bruk er det nesten like enkelt som Snapchat, fortel Hvidevold.

Han peikar på at god bildedokumentasjon er svært nyttig i det lange løp.

– Ved kommande verkstadopphald kan ein då enkelt sjekke om det har vore markante endringar i skrog, tilstand på sjøkister, anodar og liknande frå førre gong skipet har vore i dokk, held Hvidevold fram.

Både Eiane og Hvidevold er positive til at det har vore mogleg å komme med innspel til utviklinga av Marine Manager undervegs.

– Me har hatt god dialog med representantane frå Marine Manager sidan me tok det digitale verktøyet i bruk. I GMC har me og fått laga eit kalkyleverktøy saman med dei. Ei mykje betre løysing enn den me hadde frå før, og eit positivt grep både for oss og dei slik eg oppfattar det, seier Tom Eiane.

Tett dialog med kundane

Torstein Rasmussen i Marine Manager er glad for den positive responsen.

– Dette er kundar me har hatt med oss lenge, og som har gitt oss gode innspel undervegs. Det er alltid behov for å vidareutvikle ei digital plattform, og det gjer ein best i tett dialog med kundane.

Marine Manager har no fått ein leiande posisjon i bransjen, og ei rekke verft, reiarlag og underleverandørar nyttar appen i sitt daglege virke.

– Me er audmjuke over den positive mottakinga me har fått. Etter ein tøff start under pandemien opplever me no stor vekst og svært gode tilbakemeldingar. Det gjer motivasjon til vidareutvikling av plattforma og samarbeid med nye og eksisterande kundar, avsluttar Rasmussen. 

– Me har veldig god erfaring med Marine Manager!

Tom Eiane, GMC Yard AS
  • Saka kort fortalt:
  • Marine Manager er del av Atheno inkubator
  • Selskapet har laga eit digitalt prosjektverktøy som forenklar arbeidet for verft, reiarlag og leverandørar
  • Verktøyet eliminerer tungvint kommunikasjon på t.d. e-post og ulike chatsystem 
  • Selskapet opplever no markant vekst og svært gode attendemeldingar frå marknaden
  • Marine Manager har base på Bømlo og i Austevoll