– Mingel er eit kult og inkluderande konsept!

Det er stas når ein får høve til å invitere nytilflytta folk til workshop. Gjennom Bu i Sunnhordland sitt Mingel-konsept får bedrifter høve til akkurat det. Og deltakarane får ein møteplass litt utanom det vanlege.

Info om treffet 23. november på Åtgaum Bistro på Stord, med Aker Solutions som vertskap!

Bu i Sunhordland er eit regionalt samarbeid med kommunar og næringsliv i Sunnhordland. Målet er å skape attraktivitet og bulyst for regionen. 

  • For å få folk til å trivast må me alle trø til og legge til rette for gode opplevingar og møteplassar slik at folk blir verande i regionen, seier forretningsutviklar Nils Kjetil Haukanes.

Workshop

Då førespurnaden om å arrangere Mingel hos Atheno var det difor lett å sei ja, fortel han vidare.

  • Mingel er eit kult og inkluderande konsept! Det handlar fyrst og fremst om å få tilflyttarar til å møtast i ein positiv setting slik at dei får utvide sitt eige nettverk. Hos oss fekk dei høve til å høyre gründerhistoria til inkubatorbedrifta Alde Akva, få litt introduksjon til kva Atheno held på med, – samt moglegheit til å utvikle ein spennande idé i ein workshop. 

God stemning: Mingel knyt folk saman og gir gode opplevingar! (Alle foto: Kjetil Fyllingen/SunnhordlandPodden)

Spania, Ukraina, Tyskland, Ungarn og Noreg

Det deltok i overkant av 20 personar på samlinga.

  • Mingel rettar seg mest mot tilflyttarar i alderen 20 – 45 år, men me er ikkje rigide på alder. På dette treffet låg vel snittalderen rundt 30 år, og det var ein god miks av folk. Det var tilsette både frå kommunar og privat næringsliv med. Litt over halvparten var norske, men det var og deltakarar frå Spania, Ukraina, Tyskland og Ungarn som var busett på Bømlo, i Kvinnherad og på Stord, fortel prosjektleiar for Bu i Sunnhordland, Nina Johanne Haara Matre. 

Samarbeid: Mange gode idear kom opp under workshopen og vart grundig diskutert. (Foto: Kjetil Fyllingen/SunnhordlandPodden))

Oppmodar bedrifter og kommunar til å bli Mingel-vertsskap

Haukanes oppmodar lokale bedrifter til å vere vertskap for framtidige Mingel-arrangement. 

  • For oss var dette ei svært positiv erfaring. Det var topp stemning mellom deltakarane på workshopen og me fekk veldig kjekke tilbakemeldingar frå dei som deltok. Me fekk inntrykk av at me gjorde ein forskjell. Det er stas! Basert på vår erfaring vil eg difor varmt anbefale andre bedrifter og kommunar til å vere vertskap for dei månadlege Mingel-arrangementa. Det kostar lite og ein får mykje att for innsatsen. Ta kontakt med Nina i Bu i Sunnhordland for å sjekke det ut, avsluttar Haukanes.

Gründer: Kjell Torodd Fitjar Bremskau i Alde Akva haldt eit spennande innlegg om korleis det har vore å starta si eigen bedrift saman med to andre. (Foto: Kjetil Fyllingen/SunnhordlandPodden)

– Basert på vår erfaring vil eg varmt anbefale andre bedrifter og kommunar til å vere vertskap for dei månadlege Mingel-arrangementa!

Nils Kjetil Haukanes, Atheno