For å møte risikoane og nyttiggjere seg av moglegheitene berekraftig omstilling inneberer, vert det kravd kunnskap om berekraft. Denne 180-minutts samlinga gir ei kort og god innføring i dette viktige temaet. Det vert lagt til rette for god deltakarmedverknad.
Berekraft:
- Kva er det?
- Kvifor bør verksemder arbeide strategisk med det?
- Korleis kan ein begynne å arbeide strategisk med det?
Med: Ineke de Rezende, berekraftsleiar i Norconsult
![(Foto: Bjarne Låstad, PYX)](https://i0.wp.com/atheno.no/wp-content/uploads/2024/02/IMG_4509-1.jpg?resize=768%2C1024&ssl=1)
Ineke er ein fantastisk god formidlar. Ho engasjerer, inkluderer – og er fagleg svært dyktig. Kan varmt anbefale å delta på samlinger som ho leiar!
Nina Haara Matre, Bu i Sunnhordland
Tid: 13. mars kl. 09 -12
Stad: Atheno (Vabakkjen 6, Stord)
NB! Husk påmelding til: ole.jacob@atheno.no