Det du bør og må vite om sirkulærøkonomi i 2024

Reguleringar og krav knytta til sirkulærøkonomi ser ut til å bli ein føresetnad for å levere produkt på marknaden i åra framover. Så kva bør me eigentleg gjere? Og kva bør me vite?

Me er heldige og har fått med oss Erik Aldner og Kristian Notland Harnes som til dagleg driv Minus Solutions. Mest kjent er dei kanskje for si satsing på Nuen møbler og Minus-kolleksjonen knytt til møbel. Dei har vunne ei rekke prisar og har blant anna vore hjå FN i New York for å fortelje om korleis framtidas møbelproduksjon kan gjerast i eit sirkulært perspektiv.

Me kan lova ei engasjert og spennande samling, med gode moglegheiter for deltakarmedverknad. Det er ikkje naudsynt med forkunnskaper om tematikken for å delta.

Samlinga høver for alle i bedrifter eller kommunar i Sunnhordland som vil lære meir om korleis sirkulærøkonomi kan gjere ein forskjell knytt til bærekraft og klima.

Tid: 20. mars kl 09-12

Stad: Atheno (Verket, Vabakkjen 6 – Stord)

NB! Husk påmelding til: ole.jacob@atheno.no