Kvinnehelse og arbeidsliv

Sjeldan har me fått tydelegare tilbakemeldingar enn me fekk på Marte Halstensen sitt innlegg hos oss 8. mars, der tema var Kvinnehelse og arbeidsliv. Tilbakemeldinga var: Dette må fleire få høyre! Atheno har difor gleda av å invitera til nytt arrangement torsdag 11 april kl. 18 i Atheno sine lokale på Vabakkjen 6

Korleis påverkar kvinnehelsa kvardagen vår og kva har dette å seia for bedrifter og ikkje minst samfunnet vårt?

Innleiar er Marte Halstensen. Ho er lærar, statsvitar mor og arbeidstakar. Ho deler refleksjonar og eigne erfaringar i eit innlegg med både humor og alvor.

Arrangementet er gratis, men grunna avgrensa med plass må me ha påmelding til reidun@atheno.no

Siste frist for påmelding er 9 april.

Det vil verta fakturert kr. 200,- dersom ein er påmeldt og ikkje møter.  ​