- Kva ser bankane og virkemiddelapparatet etter hos bedrifter som som skal finansiere nye prosjekt og idear i 2024 og åra framover?
- Korleis påverkar EU-taksonomi og det grøne skiftet finansieringsmoglegheitene?
- Kor ligg dei beste moglegheitene?
- Kva krav stiller dei?
Me opnar for spørsmål undervegs og «speeddates» med aktørane etter samlinga.
Innleiarar er: Banksjef Svein Ottesen i Sparebanken Vest, avdelingsleder Rolf H. Sørland i Innovasjon Norge, spesialrådgjevar Rigmor Fardal i Forskingsrådet og kompetansemeklar Rannveig Litlabø i FORREGION Vestland.
Tid: 17. april kl. 09-10.30
Stad: Atheno (Verket, Vabakkjen 6 – Stord)
Samlinga er gratis, men me treng litt info om kor mange som kjem. Hugs difor påmelding til: ole.jacob@atheno.no
Del av prosjektet «Med grøn kompetanse som konkurransefortrinn» støtta av Vestland Fylkeskommune