Anne Lindmo og Astrid Kjellevold til SunnPodium

Kva har Anne Lindmo (NRK) og Astrid Kjellevold (Atheno) til felles? Jo, begge blir i alle fall mogleg å høyre på SunnPodium på Bømlo Folkehøgskule den 23. mai!

Dette skriv arrangøren: Skaparkraft står i sentrum for SunnPodium i år. Kva er det som skal til for å få til nytenking, vekst og berekraftig utvikling i samfunnet vårt? Korleis får me skapt dei viktige arbeidsplassane me treng for at samfunnsøkonomien kan gå opp? Kva har skjedd historisk og skjer no i vårt nære område? Er det kall, talent, taktikk eller andre faktorar som er avgjerande?

Både Anne og Astrid vil dele av sine erfaringar. PS! Jens Kristian Fosse (HVL) og Mads Nordbo Arnestad (BI) kjem også.

For fullstendig program og påmelding:

https://sunnpodium.no