Arbeidssøkar og lyst til å starte bedrift? «møteplass A» er staden å starte!

Dette er eit tilbod for arbeidssøkande i Sunnhordland som er nysgjerrig på det å starte eigen bedrift. «møteplassA» startar 28. september i Atheno sine nye lokaler på Vabakkjen.

Her får du:

• Utvide ditt eige nettverk
• Møte gründerar som fortel om eigne etableringar
• Smarte tips om oppstart av bedrift
• Informasjon om støtteordningar/virkemiddelapparatet
• Muligheit til å delta på Nyskapingskonferansen 2018
• Små foredrag
• Høve til å delta på praktiske øvingar
• Møte andre i same situasjon

PS! Du må ikkje ha ein ferdigsnikra idé for å delta. Det er nok at du er nysgjerrig!

Tidsrom: Torsdagar frå 28. september og ut november 2017.
Oppstart: 28. september kl 09.00–11.00
Stad: Atheno sine nye lokaler på Vabakkjen 6 – 3. etasje. Inngang på oppsida.

Tilbodet er gratis. Her er det berre å møte opp!

Håpar me sjåast!