Dette kurset er for deg som ønskjer å bli betre på innhaldsproduksjon i sosiale medier. Her lærer du korleis du kan nå dei som verkeleg er viktige for deg, dei som gir vekst og suksess for bedrifta. Kursdeltakarane vil sitja igjen med konkrete tips, råd og verktøy for korleis ein når ut med relevant og engasjerande innhald. Det handlar om å få god effekt av tida ein investerer i dette, og sikre at følgjarane kjem tilbake og vil ha meir innhald i frå oss.
Kursinnhaldet deles i ulike bolkar med praktiske gruppeoppgåver som vert løyst undervegs.
Om kurshaldaren
Silje Marie Helland Dahl har lang fartstid frå reklamebransjen, der ho som Strategisk Marknadsrådgjevar har bistått ulike bedrifter med marknadsføringstenester. Ho har teft for målretta kommunikasjon og er sterk på utforming av effektivt innhald, både tekst, foto og video. Sidan hausten 2021 har Silje vore marknadsansvarleg for regntøyprodusenten Kattnakken AS. Her har ho blant anna ansvar for nettbutikken kattnakken.no og all innhaldsproduksjon i Kattnakken sine sosiale kanalar. Ho er utdanna innan grafisk design og marknadskommunikasjon, noko som gir ei brei forståing for kommunikasjonsfaget.