Å tilsetja rett person er ei av dei viktigaste og mest strategiske investeringane ein organisasjon kan gjera. Treffsikre vurderingar av kandidatar kan vere skilnaden mellom suksess og utfordringar, og ei feiltilsetjing blir ofte kostbart – både økonomisk og for arbeidsmiljøet. Vi tilbyr difor eit praktisk og innsiktsfullt kurs som vil gje deg nye kunnskapar og verktøy i dei viktige prosessane med å finne rett person til rett stilling.
Programmet finn du her
Kvifor delta?
Dette kurset gir leiarar og HR-medarbeidarar ein god moglegheit til å styrka rekrutteringskompetansen sin og unngå dyre feiltilsetjingar. Du får ei heilskapleg forståing av korleis ein profesjonell og strukturert prosess kan auka produktivitet, styrka arbeidsmiljø, redusera turnover og styrka omdøme.
Tid: Torsdag 23 januar kl. 09-15
Stad: Atheno sine lokale på Vabakkjen
Pris: Kr. 3000 for medlemmer
Kr. 4000 for ikkje medlemmer
(inkl. lunsj, kaffi og pausemat)
Bindande påmelding til: reidun@atheno.no