
Atheno inviterer til del 2 av våre praktiske styrekurs, med fokus på økonomi og økonomistyring for aksjeselskap. Gjennom konkrete eksempel, nyttige verktøy og oppdaterte regelverk får du innsikt i alt frå rekneskap og budsjettering til likviditetsstyring, årsoppgjer og utbytte.
Kurset høver for styremedlemmer, daglege leiarar og eigarar i små og mellomstore aksjeselskap som vil styrke sin økonomiforståing, sikre god styring og ta betre beslutningar på bakgrunn av tal.
Tema:
• Rekneskap og rekneskapføring – ei kort innføring
• Treng du ekstern rekneskapsførar? Kva kan moderne rekneskapssystem og AI gjera for deg?
• Budsjett og prognosar
• Rekneskap og balanse – kva skal du sjå etter?
• Likviditet og lividitetsstyring
• Årsoppgjer og årsoppgjersdisposisjonar
• Revisor? kva, når og korleis?
• Generalforsamling – ordinær og når ekstraordinær?
• Utbytte og styrehonorar
• Offentleg rapportering
Kurshaldar: Lars Solberg, styreleiar i Atheno
Ta kontakt med Reidun Rykkje på epost reidun@atheno.no for påmelding eller meir informasjon.
Det er bindande påmelding.