Atheno fekk «Handlekraftprisen»

På den årlege næringslivslunsjen til Stord Næringsråd stakk Atheno av med «Handlekraftprise» for deira arbeid knytt til Covid19-utfordringane. – Det er stas å få denne prisen. Den er ei stadfesting på at me har gjort ein skilnad for lokale bedrifter, seier dagleg leiar Astrid Kjellevold.

Det er fyrste gong Stord Næringsråd i samarbeid med Sparebanken Vest deler ut ein handlekraftpris.

  • Akkurat det gjer det ekstra kjekt. Som mange andre bedrifter så bretta me opp armane og prøvde etter beste evne å snu oss rundt då Noreg vart stengd ned i mars. Me sto på og arbeidde godt internt. Og me hadde gode medspelarar rundt oss. Denne prisen er difor også til alle dei gode hjelparane om arbeider i industrien og næringslivet lokalt, og ein honnør til eigarane våre som stiller opp med kompetanse og god delingskultur når det er kravd. Saman har me løyst mange krevjande utfordringar sidan 12. mars, seier Kjellevold.

I juryen si grunngjeving heiter det:

Handlekraftprisen skal gå til ei verksemd, som i den særs krevjande situasjonen som oppstod etter 12.mars, evna å snu seg rundt og ta tak i moglegheiter for verksemda si. Verksemda skal vera medlem i Stord Næringsråd.

Prisvinnaren snudde seg rundt, la andre arbeidsoppgåver til side og samla informasjon, skaffa ressurspersonar og delte på ulike medier nyttig informasjon, arrangerte teams-seminar, og gjorde ein viktig jobb for det lokale og det regionale næringslivet.

Det å ha handlekraft i ein krisesituasjon er avgjerande viktig for ei verksemd. Handlekraft er godt leiarskap, og Atheno v/dagleg leiar Astrid Kjellevold vert tildelt Handlekraftprisen 2020.

Prisen vart materialisert gjennom skulpturen «Då viruset kom til Stord» av kunstnaren Ole Martin Skaug!

«Nykommarprisen» og «Næringsprisen 2020»

Det vart også delt ut to andre gjeve prisar frå næringsrådet under samlinga.  «Nykommarprisen» gjekk til Skjærgardsservice AS v/Åge Valdal Østensen og Øystein Østensen. Medan «Næringsprisen 2020» gjekk til Brilleriet v/Arnhild Myklebust. Atheno heng seg på gratulantane til to spennande og nytenkande bedrifter!

PS! Det er medlemmer i Stord Næringsråd som nominerer kandidatane til prisane. 

 

Bilde: «Handlekraftprisen 2020» gjekk til Atheno ved Astrid Kjellevold. Her omkransa av Anne-Grete Sandtorv (Stord Næringsråd) og Svein Ottesen (Sparebanken Vest).