Meir info og påmelding til Camp Atheno her!

Sunnhordland Eiendomsinvest AS

Har du lyst til å prøva noko heilt nytt? Arbeida saman med andre og skapa noko? Då er Camp Atheno noko for deg. For fyrste gong i Sunnhordland får du høve til å utvikla ein idé til ein forretningsidé i løpet av ei intensiv helg.

På Camp Atheno kan du få gjera ein såkalla pitch, altså ein presentasjon av din eigen idé. Du får eitt minutt til rådvelde fredag kveld for å fortelje kvifor andre bør bli med å vidareutvikle akkurat din idé. Du kan og velja å ikkje presentere ein idé sjølv, men bli med på laget til nokon av dei som pitchar. Ein jury avgjer kva idear det skal arbeidast vidare med gjennom helga. Uavhengig om din idé vert valt ut eller ikkje, blir alle deltakarane med gjennom heile helga for å arbeide på dei resterande ideane.

Det unike med Camp Atheno er at du på nokre hektiske dagar får møta ei rekke spennande personar, du pratar med andre deltakarar under felles måltider, du får hjelp av lagkameratane og mentorordninga, du får høyre foredrag, og du og ditt lag får rådgjeving undervegs. Og ikkje minst: Du får verkeleg testa ut korleis det er å foredle ein idé til noko meir konkret.På søndag ettermiddag skal det avgjerast kven som har arbeidd best gjennom Camp Atheno-helga. Det vert sjølvsagt sluttpitch, premiering, og fest etterpå. Dette er ein unik møteplass for å læra å utvikla ein idé og utvida eige nettverk. Du treng ingen forkunnskapar for å delta. Men du må vera motivert og positivt innstilt. Me håpar dette kan vera interessant for deg. 

 

[ Sjå programmet her! ]

 

Meld deg på no slik at du er sikra plass!

 Har du spørsmål om Camp Atheno? Ta gjerne kontakt med Kjetil, Nina, Ole Jacob eller Astrid i Atheno så får du vite meir.

Påmelding fortløpande. «Først til mølla»-prinsippet gjeld.


Tid: Fredag 11. nov – søndag 13. nov. Det må påreknast mykje godt og motiverande arbeid gjennom heile helga. Avslutning søndag kveld.

Deltakarpris: kr 500,- per person (Dette inkluderer mat).

 

No Fields Found.
Sunnhordland Eiendomsinvest AS