I 2018 lanserte Atheno og UE Hordaland pilotprosjektet Ung Tekno. I tett samarbeid med fem ungdomsskular i Sunnhordland var elevar, lærarar og mentorar frå lokalt næringsliv involvert i nyvinninga. Det vart hausta gode erfaringar til det som no blir eit permanent prosjekt dei neste åra.
Entreprenørskap i skulen
UngTekno
Kva er UngTekno
- UngTekno knyt teknologi og yrkesfag saman med entreprenørskap
- Prosjektet skal belyse samanhengen mellom teknologi og yrkesfag, kva kompetanse ein treng, og korleis endringar blir i framtidas yrkesfag
- Tilbod til 9. klasse-elevar
- Forretningsmodellering
- Prosjektet vert gjennomført i tett samarbeid med lokalt næringsliv
Kvifor UngTekno
- Utvikling av nytt og eksisterande næringsliv krev tidleg satsing
- Auka fokus på moglegheiter og samanheng mellom yrkesfag og teknologi
- Industri og inkubator tett knytt til prosjektet og aktive deltakarar
- Fokus på trivsel i skulen og på val av vidaregåande utdanning
- Motverke fråfall i vidaregåande skule
Korleis UngTekno
To fasar på to dagar
- Elevane gjennomfører tech-camp på skulen saman med bedrift.
- Elevane arbeider vidare med resultatet frå tech-campen i bedrift. Fokus på forretningsmodellering, design av prototype og pitch som vert avslutta med «Show & tell» torg.
Ungt Entreprenørskap
For dei unge, kreative og nysgjerrige
Engasjement i eit av Ungt Entreprenørskap Hordaland (UEH) sine prosjekt er for mange den første tilnærminga og motiveringa til det som skjer i vaksenarbeidslivet. UEH tilbyr ulike undervisningsopplegg som motiverer og inspirerer til gründerskap.
UE Hordaland har desse prosjekta:
- Vårt lokalsamfunn (4. Klasse)
- Smartare Energi (5.–7.klasse)
- Økonomi/karriereval (10.klasse)
- Elevbedrift
- UngTekno
- Ungdomsbedrift
- Studentbedrift
Det vert arrangert kommunale, fylkeskommunale og nasjonale konkurransar i fleire av prosjekta.
Her er UE lokalt i 2018
- UE er eit tilbod for grunnskulane i Kvinnherad, Bømlo og Stord
- UE er eit tilbod for vidaregåande skular i sju Sunnhordlandskommunar
- UE er eit tilbod for studentar ved Høgskulen på Vestlandet (HVL)
Visste du at
Ungt Entreprenørskap er ein ideell, landsomfattande organisasjon som i samspel med utdanningssystemet, næringslivet og andre aktørar arbeider for å utvikle barn og unge sin kreativitet, skaparglede og trua på seg sjølv. Les gjerne meir på: ue.no

Stolte sponsorar av UE i Sunnhordland
