Fagforum Digitalisering hjå Kværner

Det vart ein spennande fredag denne veka då Kværner sin eigen Sigmund Hope Mongstad på ein særs interessant måte delte kunnskap og svarte på spørsmål knytt til deira digitaliseringsarbeid.

Det vart ein spennande fredag denne veka då Kværner sin eigen Sigmund Hope Mongstad på ein særs interessant måte delte kunnskap og svarte på spørsmål knytt til deira digitaliseringsarbeid.

Det var kjekt å sjå kva dei får til lokalt i ein så stor organisasjon som Kværner. Me i Atheno har fleire ulike faglege forum der me samlar sentrale ressurspersonar innan sitt fagfelt på tvers av eigarar og medlemsbedrifter, fortel dagleg leiar Astrid Kjellevold.

Fagforuma er i hovudsak ein arena for gjensidig læring og deling av idear, tilnærmingar, konsept og løysingar osv. 

Det er ei tankesmie og ein ressurspool som skal bidra til nytenking og innovative prosessar. Og ein stad der dei lokale verksemdene kan hausta gevinstar. Det skal også vera ein arena for å etablera felles utviklingsprosjekt med deltaking frå fleire verksemder innan det aktuelle fagområdet, avsluttar Kjellevold