Forskarfabrikken 2022 -Sommarskule om jorda og verdsrommet

I år arrangerer Forskerfabrikken i samarbeid med Atheno AS og Aker Solutions ein ny sommarskule for ungar i Sunnhordland. Ungane kan gleda seg til nye, kule eksperiment, - og nytt tema om jorda og verdsrommet. 

I år arrangerer Forskerfabrikken i samarbeid med Atheno AS og Aker Solutions ein ny sommarskule for ungar i Sunnhordland. Ungane kan gleda seg til nye, kule eksperiment, – og nytt tema om jorda og verdsrommet. 

Forskerfabrikken sin sommarskule byrjar å bli tradisjon på Stord. Målgruppa for Forskarfabrikken sitt tilbod er ungar på 4 – 6 trinn. På årets utgåve skal ungane bli kjent med planeten vår, og sjå på kva som gjer jorda så unik. For det er ganske mange spennande grunnar til at det er liv akkurat her og ikkje på dei andre planetane.

Det er mange faktorar som må være på plass for at ein skal kunne bu på ein planet. På sommarskulen skal me lære ungane om dei viktigaste av dei!

Hanne S. Finsta, grunnleggjar av Forskerfabrikken

Kvar kursdag har eit overordna tema som til dømes vatn og magnetisme. I løpet av veka skal ungane få gjere mange morosame eksperiment og aktivitetar som forklarar, – og viser korleis dette heng saman med livet på jorda.

Gode råd frå ein astronaut

Forskerfabrikken trur kunnskapsrike ungar vil skape ei betre verd når dei veks opp. For å få betre forståing av verdsrommet har dei snakka med Skandinavias første astronaut. Christer Fuglesangs sine forteljingar frå si tid på romstasjonen ISS har lagt grunnlaget for mykje av kursinnhaldet. 

På årets sommarskule vil ungane få ei betre forståing for verda som omgir dei. Forhåpentlegvis klarar me å vise at jorda er eit stort økosystem som me må ta vare på saman

Hanne S. Finsta, grunnleggjar av Forskerfabrikken

Samarbeid for å spreie realfagsglede 
Forskerfabrikken trur behovet for folk som kan og vil arbeide med realfag vil fortsette å auke. Samarbeid med andre aktørar er viktig for å vekke barns interesse for fagfeltet, og moglegheita til å nå ut med bodskapen. Med på det lokale laget er Atheno AS og Aker Solutions.

Me har etter kvart god erfaring med å arrangere Forskarfabrikken sin sommarskule her hos oss. Saman med Aker Solutions ynskjer me å motivere neste generasjon til å lære nytt om både jorda og verdsrommet. Me gler oss til å fylle lokala våre med nysgjerrige og spente ungar i august

Agnete Braathen, Atheno

Fem fakta om Forskerfabrikken sin sommarskule:

  • Sommarskulen er eit fem-dagars forskarkurs for ungar på 4. -6. trinn.
  • Kurset vert arrangert i veke 32 hos Atheno på Stord.
  • Tilbakemelding: 9 av 10 føresette ville sendt barna på Forskerfabrikkens sommarskule ein gong til.
  • Alle deltakarar får eige forskarutstyr, t-skjorte og oppgåvehefte.
  • Forskerfabrikken er ein sosial entreprenør som spreier realfagsglede og forståing til ungar over heile landet. www.forskerfabrikken.no