Godt oppmøte då delA-programmet for byggebransjen vart sparka i gang

Denne veka hadde Atheno oppstart av eit nytt tilbod for små og mellomstore bedrifter i Sunnhordland. Med Sverre Tiltnes og Linn Palm frå Bygg21 som innleiarar vart det ein svært innhaldsrik dag. Dette sa nokon av deltakarane etterpå:

Veldig kjekt, og veldig relevant og bra opplegg! Føler bransjen lokalt treng dette!

Når innhaldet er såpass interessant, konsentrerer ein seg jo litt ekstra!

Dette treng me. Viktig påfyll og ein god møteplass for oss i bransjen!

Det deltok 35 personar frå 25 ulike bedrifter. Neste samling er 12. februar. Då står «Verdien av å tenke nytt», «Digitalisering» og «Utfordringar og moglegheiter» på timeplanen. Det vert mange lokale spennande innlegg og debatt. Siste samling er sett opp den 5. mars. Meir info om den og neste samling finn du på vår heimeside.

Lyst til å delta på samling to og tre? Send ein mail til ole.jacob@atheno.no så skal me prøve å få plass til deg også.

.

.

https://atheno.no/atheno-med-nytt-program-for-byggebransjen/