Industriklynga

Å arbeide saman i ei klynge styrkar deltakarane si konkurranseevne og regionen generelt.

Industriklynga i Sunnhordland er eit sterkt, felles nettverk som er bygd opp i løpet av 30 år. Gjennom tett samarbeid er målet å løfte fram og styrke næringslivet i regionen, samt styrke klynga og den enkelte medlemsbedrift si innovasjons- og konkurranseevne.

Industriklynga har møtepunkt i form av medlemsarenaer, kompetanseprogram og ulike seminar og konferansar. Parallelt vert det arbeidd med felles prosjekt i klynga. Sentralt i arbeidet er også ulike fagforum som knyt ekspertise og nøkkelmedarbeiderar innan spesifikke fagområder saman på tvers av medlemsbedrifter.

FN sine berekraftsmål ligg til grunn for arbeidet i industriklynga framover.

Noko du lurer på? Kontakt oss!

Portrett av kvinne

Astrid Kjellevold

Dagleg leiar
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Ut elit tellus, luctus nec ullamcorper mattis, pulvinar dapibus leo.
Astrid Kjellevold har utdanning som adjunkt, pedagogikk vidareutdanning, styrekompetanse, inkubasjonsleiing og ein master i Strategisk leiing frå Handelshøgskulen.

Astrid har gjennom dei siste 18 åra hatt ulike leiarroller innan næringsutvikling, i hovudsak knytt til forretningsutvikling, prosjektutvikling, strategi og organisasjonsutvikling. Dei siste 8 åra har ho vore dagleg leiar i Atheno.

Gjennom dei siste 10 åra har ho og arbeida med utvikling av leiarkompetanse knytt til både leiarteam og enkeltleiarar, hatt ei aktiv rolle i saker knytt til konflikthandtering og vore mentor for ulike leiarar.Astrid kjører eigne leiarprogram og held føredrag innan ulike tema knytt til leiing og kommunikasjon.