Kommunal kompensasjonsordning Stord – tildelingsrunde 5 og 6

Stord kommune har til fordeling kr 4 229 000,- som kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder. For tildelingsrunde 5 er summen kr. 1 691 000 og for tildelingsrunde 6 er summen kr. 2 538 000,-. Målet med ordninga er å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av nye lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

Målet med ordninga er å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av nye lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

Stord formannskap har vedteke følgjande kriterier for tildeling av midlane:

• Lokale verksemder som har falle heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane og som har særlege utfordringar som følgje av smitteverntiltaka og kan dokumentera inntektstap og/eller særlege kostnader som følgje av pandemien, skal ha prioritet.

• Samla tilskot skal som hovudregel ikkje overstiga 50 prosent av tapt omsetnad/kostnader og det skal aldri overstiga 75 prosent. Det kan som hovudregel maks søkjast om kr 300 000. Reiselivs- og serveringsnæringa og arrangement skal ha særleg prioritet i runde 5.

• Tilskota skal gjevast som bagatellmessig støtte.

• Femte og sjette tildelingsrunde skal kompensera for tapt omsetnad etter 1. september 2021.

Lag og organisasjonar er ikkje søknadsberettiga.

Korleis søkje:

Søknad skal skje gjennom www.regionalforvaltning.no. Ordninga finn du under «Kommunal kompensasjonsordning Stord 5 og 6».

Det skal leggast ved dokumentasjon på tap/kostnader bedrifta har hatt etter 1. september 2021

Vurdering av søknadar

Atheno vil på vegne av Stord kommune handsama søknadane. Formannskapet tek endeleg avgjerd om tildeling. Søknadsfrist: Siste frist for innsending av søknad er 4. februar 2022 For spørsmål og hjelp i søknadsprosessen, kontakt Reidun Rykkje i Atheno. reidun@atheno.no Tlf 917 45 102