Kommunal kompensasjonsordning Stord

Stord kommune har til fordeling kr 2 756 000,- som kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder. Målet med tilskotet er å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

Stord kommune har til fordeling kr 2 756 000,- som kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder.

Målet med tilskotet er å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

 Verksemder i følgjande bransjar kan søkje om støtte:

  • Lokale verksemder som har falle heilt eller delvis utanfor dei generelle

kompensasjonsordningane, og som kan dokumentera inntektstap og/eller særlege kostnader som følgje av pandemien.

  • Samla tilskot skal som hovudregel ikkje overstiga 50 prosent av inntektstapet og det skal aldri overstiga 75 prosent. Det kan maks søkjast om kr 300 000,-.
  • Tilskota skal gjevast som bagatellmessig støtte.  

Det vert presisert at idrettslag og organisasjonar / frivillige organisasjonar ikkje vil verta prioriterte i ordninga.

Korleis søkje:

Søknad skal skje gjennom www.regionalforvaltning.no.

Ordninga finn du under «Kommunal kompensasjonsordning Stord – 3».
Dokumentasjon på tap/kostnader bedrifta har hatt grunna Covid 19 skal leggast ved søknaden.

Vurdering av søknadar

Atheno vil på vegne av Stord kommune handsama søknadane. Formannskapet tek endeleg avgjerd om tildeling.

Søknadsfrist: Siste frist for innsending av søknad er 24. september 2021.

For spørsmål og hjelp i søknadsprosessen, kontakt Reidun Rykkje i Atheno. reidun@atheno.no  

Tlf 917 45 102