Kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder i Stord kommune – tildelingsrunde 7

Stord kommune har til fordeling kr 1 119 000,- som kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder. Målet med ordninga er å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av nye lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

Stord kommune har til fordeling kr 1 119 000,- som kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder.

Målet med ordninga er å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av nye lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

Desse kan søkje/kriteria:

  • Lokale verksemder som har falle heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane og som har særlege utfordringar som følgje av smitteverntiltaka og kan dokumentera inntektstap og/eller særlege kostnader som følgje av pandemien, skal ha prioritet.
  • Samla tilskot skal som hovudregel ikkje overstiga 50 prosent av tapt omsetnad/kostnader og det skal aldri overstiga 75 prosent. Det kan som hovudregel maks søkjast om kr 300 000.
  • Reiselivs- og serveringsnæringa og arrangement skal ha særleg prioritet.
  • ​Tilskota skal gjevast som bagatellmessig støtte.
  • Den sjuande tildelingsrunden skal kompensera for tapt omsetnad etter 1 november 2021 og fram til 28 februar 2022.

Lag og organisasjonar er ikkje søknadsberettiga.

Korleis søkje:

Søknad skal skje gjennom www.regionalforvaltning.no.

Ordninga finn du under «Kommunal kompensasjonsordning Stord 7”.
Det skal leggast ved dokumentasjon på omsetnadstap bedrifta har hatt i perioden det vert søkt støtte til.

Vurdering av søknadar

Atheno vil på vegne av Stord kommune handsama søknadane. Formannskapet tek endeleg avgjerd om tildeling.

Søknadsfrist: Siste frist for innsending av søknad er 27. mars 2022.

For spørsmål og hjelp i søknadsprosessen, kontakt Reidun Rykkje i Atheno. reidun@atheno.no  

Tlf 917 45 102.