Marknadsføringskurs

Atheno vil i mars arrangere marknadsføringskurs. Kurset vert delt i to der del 1 vil ha fokus på generell marknadsføring og del 2 vil vera praktisk retta.

MARKNADSFØRINGSKURS DEL1 – Generell
Korleis utviklar ein gode strategiar for å nå ut til kunden? Korleis skrive tekstar med gjennomslagskraft? Dette er eit kurs som tek for seg ulike marknadsføringskanalar, med hovudvekt på dei digitale. Korleis du kan nytte dei ulike plattformene for ein effektiv marknadsføring for di bedrift, og kva er relevant innhald og tematikk på dei ulike plattformene.
Kurshaldar:
Silje Dahl Helland og Ole Jacob Eide
Tid og stad: 22. mars kl. 16-19 på Atheno, Vabakkjen 6

MARKNADSFØRINGSKURS DEL 2 – Praktisk retta
Kven, kva og korleis? Ja det er akkurat det som er spørsmålet! Kven vil eg nå når mi/vår bedrift skal nå ut på sosiale mediar (SOME), kva skal eg formidle, og ikkje minst korleis skal eg gjere
det reint praktisk?
Dette kurset er ei praktisk oppfølging av marknadsføringskurs del 1. Her får du prøve deg på relevante oppgåver på eigen mobil eller
pc/mac. Enkelt og forståeleg forklart med gode instruksjonar i samspel med kurshaldar og andre deltakarar. Kurset høver for deg som
er nybyrjar eller har litt erfaring med marknadsføring på SOME.
Kurshaldar: Silje Dahl Helland

Tid og stad: 29. mars kl. 16-19 på Atheno, Vabakkjen 6

Ta kontakt med Reidun Rykkje for meir informasjon eller påmelding. Epost: reidun@atheno.no eller tlf 91745102

Deltakaravgift er kr. 250 pr. kurs.