Ny delA-samling: Plan for bustadbygging og utvikling av næringsareal 2021 – 2031

Atheno sitt delA-program i vinter fekk gode skussmål frå deltakarane. No får delA si oppfølging. Etter mange sine ynskjer vil me no etablere eit fagforum for alle som er tilknytt byggebransjen. Målet er å skape ein arena for kompetansepåfyll, meiningsutveksling og nettverksbygging.

Med oss på fyrste samling har me fått representantar frå fire kommunar som vil fortelje deira planar for dei neste 10 åra knytt til bustadbygging og utbygging av næringsareal.

Desse vil halde innlegg:

·        Linn Therese Erve (Ordførar i Sveio kommune)

·        Kjetil Aga Gjøsæter (Kommunedirektør i Bømlo kommune)

·        Olaug Haugen (Rådmann i Fitjar kommune)

·        Magnus Mjør (Rådmann i Stord kommune)

Ressursgruppe for dei fyrste samlingene er Erlend Kent (Multiconsult), Karoline Eldøy (ABO Plan & Arkitektur) og Birger Grov (GB Bygg). Ressursgruppa er open for innspel på aktuell tematikk for dei kommande samlingane. Atheno vil vere fasilitator og eigar av forumet. Samlingane i 2020 vil Atheno finansiere. Samlingane i 2021 vil bli eit spleiselag mellom dei ulike deltakarane.

Dato fyrste samling: 14. oktober

Tidspunkt: 08.00 – 10.30 (Siste halvtimen er sett av til mingling)

Stad: Vabakkjen 6 (Atheno)

Det er opning for inntil to deltakarar per bedrift. Gjeldande regelverk når det gjeld korona vil bli følgt. Me håpar du vil delta! Fyrst til mølla-prinsippet gjeld. Påmelding med namn på deltakarar og bedrift til: ole.jacob@atheno.no