Forskarfabrikken sin sommarskule 2016

Stjernestøv, elektrisk magi og den usynlige verden! Ein annleis sommarskule full av eksperiment og leiken matematikk! 

Sommarskulen 2016 tilsvarar det populære programmet me hadde i 2014, og vert i år arrangert i veke 32 (8.-12. august), måndag-fredag kl. 09.00-15.00. Oppmøte på HSH kvar dag kl. 08.50.

Bli med ut og leit etter mikrometeorittar og dyr me ikkje kan sjå på spanande ekskursjonar. Eller kva med å dyrkje bakteriar, lage kjempestore såpebobler og utforske elektrisitet? For ikkje å snakka om leiken matematikk, marshmallowsbygging og ballongrakettar! Gjennom ei spanande veke på Forskarfabrikken sin sommarskule får du oppleve alt dette og meir til. Me ynskjer å vise deg kor morosamt det er med naturvitenskap og teknologi.

På sommerskulen vert du flinkare i naturfag, og lærer meir om kjemi, fysikk, 
atronomi og biologi. Aktivitetane er kobla opp mot læreplanmål 
for 5.-7. trinn.

Pris pr. elev er kr. 2.200 (inkluderer eit flott mikroskop). Syskenmoderasjon er 30% (kr. 1.560). Ver merksam på at antal plasser er begrensa, og at «fyrstemann til mølla» gjeld. Som forskarar flest får du eit ekte mikroskop, forskarbriller, t-skjorte og kurshefte til odel og eige!.

Last ned informasjonsark om Forskarfabrikken sin sommarskule 2016 her ]

 

Påmelding til Forskarfabrikken sin sommarskule 2016:

No Fields Found.