Atheno lunsjseminar: Urolege tider -kva no?

Onsdag 28 september kjem sjeføkonom i DNB Markets, Kjersti Haugland til Atheno for ein "tett på" oppdatering om utsikter, trugslar og moglegheiter framover

Lunsjseminar på Atheno onsdag 28 september kl.11.30-13.15

Krig, energikrise, aukande prisnivå og stigande renter gjer dei økonomiske utsiktene svært usikre både internasjonalt, nasjonalt og regionalt.

Inflasjonen er skyhøg, arbeidsmarknaden heit og renteoppgangen bratt. I Europa kastar energikrisa ekstra skugge over dei økonomiske utsiktene. Marknadane er prega av bølger av resesjonsfrykt.

Onsdag 28 september klokka 11.30-13.15 kjem sjeføkonom i DNB Markets, Kjersti Haugland til Atheno for ein «tett på» oppdatering om utsikter, trugslar og moglegheiter framover.

Går Noreg og omverda vår mot eit økonomisk tilbakeslag, eller vert det ei mjuk landing? Kor høg og langvarig vert rentenedkjølinga?

Program:
11.30. – Servering av lunsj
11.45. – Innlegg av Kjersti Haugland. DNB Markets
13.00. – Moglegheiter for spørsmål og dialog

Seminaret er gratis og er eit samarbeid mellom DNB og Atheno

På grunn av servering treng me bindande påmelding seinast måndag 26.september
(Det er avgrensa med plassar, så det er viktig å vera tidleg ute med påmelding)

Påmelding til reidun@atheno.no

📸: DNB ASA