Anten du tenker å starte opp noko, er gründer i oppstartsfase eller kanskje berre treng ei oppfriskning: Ved å forstå det store økonomiske biletet står ein betre rusta til å sjå korleis avgjersler ein tek kan påverke det økonomiske resultatet.
Målsetnaden med kurset er at ein betre skal klara å sjå samanhengar i rekneskapen og sikre sunn drift i verksemda di.
Kurset krev ingen forkunnskapar, og egnar seg godt for dei i etableringsfasen, styremedlem i bedrifter eller for dei som er i ein eller anna posisjon der kunnskap om rekneskap er eit fortrinn.
Kurset er gratis for alle i Sunnhordland.
Påmelding til reidun@atheno.no Merk "Økonomikurs"
Kurshaldarar: Silvia Tofte og Inger Helene Mortveit, Tveit Regnskap
PROGRAM:
09.00 – 09.15 Velkomen og kort informasjon frå Atheno
09.15– 10.00 Val av selskapsform
-
-
- Føretaksformer
- Skattereglar for enkeltpersonføretak kontra aksjeselskap
- Korleis starta som enkeltpersonføretak og enda opp som aksjeselskap?
10.00 – 11.30 Budsjett
-
-
- Investeringsbudsjett
- Driftsbudsjett m/salsbudsjett
- Likviditetsbudsjett
11.30 – 12.00 Lunsj
12.00 – 13.00 Korleis lese og forstå eit rekneskap?
-
-
- Resultat og balanse
- Gode råd for styring og utvikling av bedrifta
13.00 - 14.30 Korleis føre rekneskap?