AVLYST!
Drøymer du om å skape din eigen arbeidsplass? Dette kurset er for deg som er nysgjerrig på å starte eigen bedrift!
Det er mange ulike spørsmål som dukkar opp når ein har ein god idé som ei ynskjer å realisere i eit produkt eller ei teneste. Gjennom dette introduksjonskurset vil du få ei kort innføring i kva som er viktig å tenke på i samband med ei etablering.
Me vil sjå på enkle grep knytt til korleis ein kan teste og utvikle ideen ein har. Me vil også vere innom vanlege problemstillingar som du som sjølvstendig næringsdrivande vil kunne møte på.
Målet er at du etter endt kurs skal ha eit godt grunnlag for å avklare og arbeide vidare med ideen eller verksemda di. Du får også møte gründerar og delta i morosam og lærerik gruppeoppgåve.
Ps. Du treng ikkje ha eigen forretningsidé for å delta.
Påmelding: agnete@atheno.no -merk mail med "Påmelding startOpp"