Sunnhordlandsbedrifter heiar på UngTekno

I 2018 gjennomførte UE Hordaland og Atheno eit omfattande pilotprosjekt for å knyte teknologi, yrkesfag og entreprenørskap tettare saman. Det vart ein suksess. No heiar store lokale bedrifter fram 2019-utgåva.

Prosjektet er retta mot elevar i 9. klasse som står på terskelen til å velje retning for vidare utdanning. Målet er blant anna å belyse kva kompetanse morgondagens bedrifter har behov for, og kva moglegheiter det er for dei unge som vurderer yrkesfagleg retning.

-Me vart overvelda av det store og positive engasjementet til elevane, skulane og dei lokale bedriftene i fjor, fortel prosjektleiar Nina Østensjø.

To dagar

På UngTekno får elevane arbeide med ein idé, synleggjere forretningspotensialet, samt designe ein prototype og pitche denne.

-Me har komprimert årets utgåve til å gå over to dagar, der elevane eine dagen er på skulen og den andre dagen ute i ei lokal bedrift. Slik får me kopla framtidige arbeidstakarar og gründerar med etablert næringsliv, fortel prosjektleiaren vidare.

Framtidas medarbeidarar

Østensjø er full av lovord om dei lokale bedriftene som set av tid og ressursar til prosjektet. 

-Wärtsilä Norway er oppteken av å utvikla morgondagens næringsliv, noko som krev at ein tør å tenke nytt og utfordra seg sjølv. Til dette treng me hjelp av den oppveksande generasjonen, seier administrerande direktør Hans-Petter Nesse.

Han legg ikkje skjul på at han synes UngTekno er eit spanande prosjekt.

-Her knyt ein teknologi og yrkesfag saman med entreprenørskap. For oss er dette ein viktig arena for innspel på korleis me kan rusta oss for framtida, og til å skapa ein god dialog med potensielle nye medarbeidarar i vår eiga verksemd, held Nesse fram.

Trur på tett samarbeid

Også i reiarlaget Eidesvik AS heiar dei på UngTekno.

-I Eidesvik meiner me det er svært viktig med eit godt samarbeid mellom skule og arbeidsliv. UngTekno vil vere eit godt bidrag for å skape nysgjerrighet for ulike fag og næringsliv generelt, seier HR-direktør Erling Lodden i Eidesvik AS.

Rektor Anne Sissel Mugaas har same oppfatning. 

-Stord ungdomsskule var med i UngTekno i 2018 og hadde ei veldig positiv oppleving med prosjektet. Me trur at det framover er svært viktig med eit tettare samarbeid med næringslivet gjennom heile grunnskulen. UngTekno tek i vare dette på alle måtar og me er svært glade for å gå inn i eit treårig samarbeid om dette.

Noko å sjå fram til

Ein av elevane som deltok i fjor var Kristi Eldøy Eide frå Nordbygdo Ungdomsskule på Stord.

-Det var veldig kjekt og lærerikt å få vere med på UngTekno, og få muligheita til å utvikle ein idé saman med andre. Dei som skal vere med i år har noko å sjå fram til, avsluttar ungdomsskuleeleven. 

UngTekno 2019 startar på Hillestveit skule på Bømlo 25. mars. Deretter følgjer Stord Ungdomsskule, Moster skule, Nordbygdo Ungdomsskule, Bremnes Ungdomsskule og til slutt Nysæter ungdomsskule 15. – 16. mai. UngTekno er også planlagt gjennomført i 2020 og 2021.

Atheno ynskjer å takke dei nemnde skulane som deltek, samt bedriftene Eidesvik AS, Bremnes Seashore AS, Wärtsilä Norway, Kværner og Leirvik AS som stiller timar og tilsette til disposisjon under avviklinga. Takk også til Hordaland Fylkeskommune som er med og finansierer og gjer prosjektet mogleg dei neste tre åra!

Ung Tekno er eit prosjekt utvikla av Atheno og UE Hordaland.