– Vår evne til å utfordre oss sjølv vert avgjerande for om me skal lukkast!

Prioriterer me rett, brukar me kompetansen vår til å styrke det me alt er gode på og utviklar nye berekraftige verdikjeder, – heiter det i den nye scenariorapporten til Vestland fylke. Astrid Kjellevold i Atheno meiner næringslivet i Sunnhordland no må vere meir offensivt tenkande enn nokon gong tidlegare.

Covid19 har ramma Vestland hardt og vegen tilbake til pre-pandeminivå for den samla verdiskapinga vil ta tid. Næringar som olje og gass, maritim, – og verftsindustrien vil bli spesielt hardt ramma om ikkje etterspurnaden aukar, syner deler av rapporten.

  • Arbeidet med scenariorapporten har vore ein spanande prosess og er blitt eit godt grunnlag for vidare arbeid innan berekraftig, grøn omstilling og næringsutvikling, seier dagleg leiar i Atheno, Astrid Kjellevold.

Ho er likevel tydeleg på at det er krevjande år me har framfor oss.

  • Vår evne til å utfordre oss sjølv vert avgjerande for om me vil lukkast i Vestland fylke og ikkje minst her i Sunnhordland. Problemløysing, innovasjon, samarbeide på̊ tvers av bedrifter, forsking og kompetanse vil vere heilt sentrale moment. Og i dette bilete er det viktig å få fram både moglegheitsrom, men også dei barrierane og svakheitane me ser, seier Kjellevold vidare. 

Rapporten viser som Kjellevold nemner at grøn omstilling er heilt avgjerande for å lukkast. Vestland har satt eit hårete mål om å bli eit nullutsleppsfylke innan 2030. Fylket konkurrerer på ein internasjonal arena og ser allereie at andre land og regionar satsar hardare og meir spissa enn oss. For å ta den grøne leiartrøya må Vestland difor bli eit «showcase» for berekraftig omstilling gjennom å bruke erfaringar, teknologi og kunnskap frå spesielt oljeindustrien til å utvikle nye varer og tenester som marknaden treng, heiter det i rapporten.

Initiativet til scenarioanalysen kom som ei utfordring til Vestland fylke frå ulike Næringsforum, næringsråda, det regionale partnarskapet og nokre regionar om å løfte blikket framover. Desse har vore sentrale i arbeidet: NHO, LO, KS, NAV, Bergen Næringsråd, Næringsalliansen i Hordaland, Sogn og Fjordane Næringsråd, Bergen kommune og Atheno.

Bilde/faksmile til saka er henta frå EY-rapporten til Vestland fylke