Etablerarkurs hausten 2021

Det er mange ulike spørsmål som dukkar opp når ein har ein god idé som ein ynskjer å realisere i eit produkt eller ei teneste. Atheno vil i haust arrangere ulike etablerarkurs. På kursa vil du få ei innføring i kva som er viktig å tenke på i samband med ei etablering. Målet er at du etter endt kurs skal ha eit godt grunnlag for å avklare og arbeide vidare med ideen eller verksemda di.
Kommunal kompensasjonsordning for Bømlo

Bømlo kommune har fått tildelt kr 753 000,- som kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder.
Målet med tilskotet er å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.
Søknadsfrist er 8 september.