Solcellesamling for private

Lurer du på om det er ein lur idé å legge solceller på eige tak? Den 23. mars inviterer me til ei samling for deg som er nysgjerrig på dette. Me har invitert Niklas Sørensen i Los Elektro til å fortelje korleis du går fram, og kva som er lurt å tenke på, – og me har invitert John Bjordal som fortel om sine førsteårserfaringar med sol på taket.

Kvifor bør byggebransjen, kommunar og fylke satse på sol?

I Solkraftveka 2023 har me tre ulike arrangement. Eit av desse er Solseminaret. To timar med innlegg om kvifor di verksemd bør satse på solceller, kva regelverk som gjeld, – og erfaringar frå eksisterande anlegg. Først til mølla-prinsippet gjeld.