Atheno inviterer til del 2 av våre praktiske styrekurs, med fokus på økonomi og økonomistyring for aksjeselskap. Gjennom konkrete eksempel, nyttige verktøy og oppdaterte regelverk får du innsikt i alt frå rekneskap og budsjettering til likviditetsstyring, årsoppgjer og utbytte.
Kurset høver for styremedlemmer, daglege leiarar og eigarar i små og mellomstore aksjeselskap som vil styrke sin økonomiforståing, sikre god styring og ta betre beslutningar på bakgrunn av tal.
Industritanken er den samlande tenketanken for industrien i Sunnhordland. Her jobbar me med kunnskapsutvikling, deler innsikt, knyter industri og akademia tettare saman – og set agendaen for framtida.
Atheno arrangerer nytt kurs i praktisk styrearbeid torsdag 12 mars. Kurset høver både for ferske styremedlemmer og styremedlemmer som har ein del erfaring, men som ynskjer eit oppfriska blikk på sitt arbeid som styremedlem eller styreleiar. Kurset tek utgangspunkt i aksjeselskapsforma, men er relevant for andre typar føretak.