Kommunal kompensasjonsordning Stord
Stord kommune har til fordeling kr 2 756 000,- som kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder.
Målet med tilskotet er å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.
StartOpp kurs
Det er mange ulike spørsmål som dukkar opp når ein har ein god idé som ein ynskjer å realisere i eit produkt eller ei teneste. Gjennom dette introduksjonskurset vil du få ei kort innføring i kva som er viktig å tenke på i samband med ei etablering.
Marknadsføringskurs
Korleis utviklar ein gode strategiar for å nå ut til kunden?
Dette er eit kurs som tek for seg ulike marknadsføringskanalar, med hovudvekt på dei digitale. Korleis du kan nytte dei ulike plattformane for ein effektiv marknadsføring for di bedrift, og kva er relevant innhald og tematikk på dei ulike plattformene.
Økonomikurs
Atheno vil i saman med Tveit regnskap arrangere økonomikurs for etablerarar 27 oktober kl. 09.00-14.30.