Bli med på SkatteFUNN-dag i Sunnhordland

Atheno i samarbeid med Norges forskningsråd og FORREGION Vestland, inviterer bedrifter til ein inspirerande SkatteFUNN-dag 30 april kl. 9-12.
Dette er ein god moglegheit for bedrifter i Sunnhordland-regionen til å lære meir om korleis ein kan oppnå stønad til forskings- og utviklingsprosjekt gjennom SkatteFUNN-ordninga.
Eg har ein ide, kva no?

Det er mange ulike spørsmål som dukker opp når ein har ein ide som ein ynskjer å realisere i eit produkt eller i ei teneste. Går du med ein ide som du kunne tenkt deg å drøfta med oss i Atheno, ta kontakt for ein uforpliktande samtale.
Nytt styrekurs 12. september

Atheno arrangerer komprimert kurs i praktisk styrearbeid torsdag 12. september. Kurset høver både for ferske styremedlemmer og styremedlemmer som har ein del erfaring, men som ynskjer eit oppfriska blikk på sitt arbeid som styremedlem eller styreleiar. Kurset tek utgangspunkt i aksjeselskapsforma, men er relevant for andre typar føretak.
Praktisk kurs i Kunstig Intelligens 29-30 april

Atheno har gleda av å kunna tilby eit to dagers «hands on»-kurs i «Innføring av Kunstig Intelligens’. Det vert ei praktisk tilnærming i implementering og bruk. Du vil også få kunnskap om forståing for teknologien sin breiare samfunnsmessige implikasjonar.
Trykktanken – gir forretningsideen din retning og tempo

14. mai sparkar Atheno i gang akselerator-programmet «Trykktanken». Dette er eit komprimert program for å sette bedrifter Sunnhordland i posisjon for strategisk vekst og kapitalinnhenting.
Kvinnehelse og arbeidsliv

Sjeldan har me fått tydelegare tilbakemeldingar enn me fekk på Marte Halstensen sitt innlegg hos oss 8. mars, der tema var Kvinnehelse og arbeidsliv. Tilbakemeldinga var: Dette må fleire få høyre!
Atheno har difor gleda av å invitera til nytt arrangement torsdag 11 april kl. 18 i Atheno sine lokale på Vabakkjen 6
Bygg bedrift!

Har du ein forretningsidé eller er du allereie ein grunder på jakt etter ein måte å vidareutvikla bedrifta din på? Da vil vårt nettbaserte program hjelpe deg!
Frukostarrangement – 8 mars

Atheno inviterer til frukostarrangement fredag 8. mars kl 08-10 med tema Kvinnehelse – ein unytta ressurs?
Styrekurs – ettermiddag/kveldskurs

Atheno inviterer til kurs i praktisk styrearbeid onsdag 24. april på ettermiddag/kveld.
Kurset høver både for ferske styremedlemmer og styremedlemmer som har ein del erfaring, men som ynskjer eit oppfriska blikk på sitt arbeid som styremedlem eller styreleiar.
Styrekurs

Atheno arrangerer komprimert kurs i praktisk styrearbeid torsdag 14. mars.
Kurset høver både for ferske styremedlemmer og styremedlemmer som har ein del erfaring, men som ynskjer eit oppfriska blikk på sitt arbeid som styremedlem eller styreleiar. Kurset tek utgangspunkt i aksjeselskapsforma, men er relevant for andre typar føretak.