Styrekurs – styreleiing med fokus på berekraft og digitalisering

Atheno notatblokk

Atheno arrangerer komprimert kurs i praktisk styrearbeid torsdag 28 september. 

Kurset høver både for ferske styremedlemmer og styremedlemmer som har ein del erfaring, men som ynskjer eit oppfriska blikk på sitt arbeid som styremedlem eller styreleiar. Kurset tek utgangspunkt i aksjeselskapsforma, men er relevant for andre typar føretak.

Ein av årets viktigaste møteplasser

Stord Næringsråd arrangerer den årlege Stordkonferansen 8. juni. Atheno er med i styringsgruppa og stolt medarrangør. Statsråd Ola Borten Moe kjem. Kjem du?

Me set bioøkonomi på dagsorden

Er du og din bedrift interessert i å læra meir om kva moglegheiter som finnes innan bioøkonomi? Og er de interessert i nye forretningsområde og samarbeid?

Atheno v/ Invest in Sunnhordland inviterer til fagleg oppdatering og ein workshop med tema Bioøkonomi tysdag 30 mai kl. 10-14.

StartOpp kurs 14 mars

Det er mange ulike spørsmål som dukkar opp når ein har ein ide som ein ynskjer å realisere i eit produkt eller ei teneste. På dette kurset vil du få ei kort innføring i kva som er viktig å tenke på i samband med ei etablering.

OPPnå finansiering med IN og FR

Har bedrifta behov for kapital for å vidareutvikla og kommersialisera produkt? Då kan dette arrangementet vera noko for deg.
Atheno inviterer i saman med Innovasjon Norge og Forskningsrådet til gratis seminar torsdag 22. september – med fokus på innovasjon og finansieringsløysingar.

Styrekurs – Praktisk styrearbeid

Atheno arrangerer komprimert kurs i praktisk styrearbeid onsdag 9.november.
Kurset høver både for ferske styremedlemmer og styremedlemmer som har ein del erfaring, men som ynskjer eit oppfriska blikk på sitt arbeid som styremedlem eller styreleiar.
Kurset tek utgangspunkt i aksjeselskapsforma, men er relevant for andre typar føretak.

Marknadsføringskurs

10 mars kl. 17-19 arrangerer Atheno eit digitalt marknadsføringskurs. Marknadsføringskurset tek føre seg ulike marknadsføringskanalar med hovudvekt på dei digitale. Korleis kan du nytte dei ulike plattformane for ein effektiv marknadsføring for di bedrift, og kva er relevant innhald og tematikk på dei ulike plattformane?

Nyskapingskonferansen 2018

Den 17. oktober er det på ny klart for Nyskapingskonferanse i regi av Atheno. Med oss på laget i år har me blant anna fått Podtown-gründer Eirik Kalve, sjefen for […]

Atheno lanserer Industritanken

Skal industrien i Sunnhordland halde fram og utvikle seg vidare er samarbeid ein heilt avgjerande nøkkel. Atheno ynskjer å få ulike næringslivsaktørar til å møtast og lanserer no tenketanken og […]