Marine Manager er blitt ein favoritt i den maritime bransjen
Verkstadopphald for skip og fartøy er kostbart. Både verft, reiarlag og underleverandørar leitar stadig etter forbetringsmoglegheiter. No ser fleire og fleire til Marine Manager sitt effektive digitale prosjektverktøy for betre dokumentflyt og kommunikasjon. Marine Manager er tilknytt Atheno sin Siva-støtta inkubator og har vore del av inkubatoren sidan oppstart.
Set dagsorden med kraftrapporten
Kraftrapporten til Invest In Sunnhordland har fått stor merksemd lokalt og nasjonalt. Den syner realitetane i den regionale kraftsituasjonen. På Kvinnheradskonferansen nyleg, – stadfesta statsråd Terje Aasland viktigheita av meir elektrisk kraftproduksjon framover både regionalt og nasjonalt.
Lunsjseminar – innleigeregelverket
Atheno i samarbeid med NHO inviterer til lunsjseminar vedr innstramingar i innleigeregelverket
Det vil på seminaret bli gitt ein gjennomgang av regelverket kor tid ein lovleg kan leige inn arbeidskraft frå bemanningsselskap. Vidare vil grensa mellom innleige og entreprise og grensa mellom sjølvstendig oppdragstakar og tilsett vera eit tema.
Midlar til ekstraordinære bedriftsintern opplæringstiltak
Vestland fylkeskommune lyser ut midlar til bedriftsintern opplæring (BIO). Midlane skal nyttast til kompetanseheving for grøn omstilling og digitalisering i bedriftene. Det vert lyst ut 4,3 millionar kroner.
Kraftrapport med tydelege signal til politikarane og styresmaktene
Skal Sunnhordland lukkast med grøn næringsutvikling i dei kommande åra må lokal kraftproduksjon og nettkapasitet aukast vesentleg. Det slår ein ny rapport utarbeida av Invest In Sunnhordland fast.
Styrekurs – styreleiing med fokus på berekraft og digitalisering
Atheno arrangerer komprimert kurs i praktisk styrearbeid torsdag 28 september.
Kurset høver både for ferske styremedlemmer og styremedlemmer som har ein del erfaring, men som ynskjer eit oppfriska blikk på sitt arbeid som styremedlem eller styreleiar. Kurset tek utgangspunkt i aksjeselskapsforma, men er relevant for andre typar føretak.
Ein av årets viktigaste møteplasser
Stord Næringsråd arrangerer den årlege Stordkonferansen 8. juni. Atheno er med i styringsgruppa og stolt medarrangør. Statsråd Ola Borten Moe kjem. Kjem du?
Me set bioøkonomi på dagsorden
Er du og din bedrift interessert i å læra meir om kva moglegheiter som finnes innan bioøkonomi? Og er de interessert i nye forretningsområde og samarbeid?
Atheno v/ Invest in Sunnhordland inviterer til fagleg oppdatering og ein workshop med tema Bioøkonomi tysdag 30 mai kl. 10-14.
Solcellesamling for private
Lurer du på om det er ein lur idé å legge solceller på eige tak? Den 23. mars inviterer me til ei samling for deg som er nysgjerrig på dette. Me har invitert Niklas Sørensen i Los Elektro til å fortelje korleis du går fram, og kva som er lurt å tenke på, – og me har invitert John Bjordal som fortel om sine førsteårserfaringar med sol på taket.
Kvifor bør byggebransjen, kommunar og fylke satse på sol?
I Solkraftveka 2023 har me tre ulike arrangement. Eit av desse er Solseminaret. To timar med innlegg om kvifor di verksemd bør satse på solceller, kva regelverk som gjeld, – og erfaringar frå eksisterande anlegg. Først til mølla-prinsippet gjeld.