Blir du med på gründerlunsj 20. september?
Meir info finn du i vår kalender: https://atheno.no/stec_event/grunderlunsj/
Meir info finn du i vår kalender: https://atheno.no/stec_event/grunderlunsj/
Er du ein investor? Eller treng du ein? Den 25. september er me medarrangør på DNB NXT i Haugesund. Dette er ein ypparleg møteplass for investorar og grunderar. Me håpar at folk i vårt nettverk ser denne gode mglegheita for å høyre foredrag, knyte nye kontaktar, og kanskje sjå nye forretningsmoglegheiter. Bli med på eit…
Denne veka vart det kjent at Atheno vart tildelt 1,6 million kroner i prosjektmidlar frå Hordaland Fylkeskommune. Prosjekta er arbeida med over tid, og tematisk dreiar det seg om innovasjonskompetanse, endringsleiing og revitalisering i verksemder. Eg er både audmjuk og glad for at Hordaland Fylkeskommune gir oss tilliten til å arbeide med dei prosjekta me no har rigga…
Det er den 21. januar 2016. Ein mørk og kald kveld på Fitjar. På Fitjar vidaregåande skule er lysa tent. For der inne held Atheno StartOpp-kurs for 10 deltakarar. Blant desse to er søstrene Sørvik. Lite anar dei og Atheno kva gründereventyr som er i emning. Og at dette skal bli ei av dei mest…
Det er høg aktivitet i inkubatoren vår for tida. Møbeldesignprodusenten Nuen er blant dei nye bedriftene. Det same er Sunnhordland Technologies som jobbar fram kortreiste systemløysingar for effektiv produksjon i industribedrifter. -Det skjer svært mykje spennande i mange av inkubatorbedriftene for augneblinken. Totalt tel den no 18 verksemder. Desse sysselset mellom 30 og 35 personar.…
Ikkje alle veit at Atheno i tillegg til ei rekke definerte oppgåver også tek konsulentoppdrag knytt til bl.a: forretningsutvikling, strategi, innovasjon og workshops. Me likar å verta utfordra! Me fusjonerer oppstarts-metodikk og erfaring frå tradisjonell forretningsrådgivning, me skreddarsyr og arbeidar fram resultat saman med deg som kunde. Ta berre kontakt med oss for meir informasjon
Eller møterom, konferanselokale eller prosjektkontor? Etasjen under oss er blitt pussa opp. Det har frigjort plass hos oss, og gjer at me no endeleg kan tilby ledig plass til deg som er på jakt etter kontor for kortare eller lengre periodar. Me har drop in-plassar, vanlege kontor og prosjektkontor tilgjengeleg. Er du del av…
Også i år arrangerer Atheno forskarfabrikk i samarbeid med Kværner og HVL. Forskarfabrikken er ei sommarkursveke fullspekka med spennande aktivitetar for barn som skal opp i 5. 6. og 7. klasse til hausten. Det er tydeleg at Forskarfabrikken har fått godt fotfeste lokalt, for 2019-utgåva er allereie fullbooka. Den går føre seg frå 5. –…
Kva har Anne Lindmo (NRK) og Astrid Kjellevold (Atheno) til felles? Jo, begge blir i alle fall mogleg å høyre på SunnPodium på Bømlo Folkehøgskule den 23. mai! Dette skriv arrangøren: Skaparkraft står i sentrum for SunnPodium i år. Kva er det som skal til for å få til nytenking, vekst og berekraftig utvikling i samfunnet…
Atheno søkjer etter prosjektleiar i Atheno Inkubator. Atheno er eit regionalt næringsutviklingsselskap, bygd på ei aktiv industribasert klynge og eit stort entreprenørielt arbeid knytt til oppstart, strategi og vekst i bedrifter. I dette arbeidet er Atheno sin inkubator heilt sentral. Atheno skal bidra til å fremja ein unik kultur for nyskaping i Sunnhordland, og til auka…
Denne nettstaden nyttar informasjonskapslar («cookies») for å gi deg ei best mogleg oppleving av nettstaden. Informasjonskapslane vert lagra av nettlesaren din, og bidreg til at nettstaden hugsar deg når du kjem attende til nettstaden vår, og hjelp oss med å analysere trafikken på nettstaden slik at me kan gjere den betre.
Du kan tilpasse dine innstillingar for informasjonskapslar gjennom menyen.
Dei naudsynte informasjonskapslane bør alltid vera aktivert, slik at me kan hugsa valet ditt for aktive informasjonskapslar.
Om du deaktiverer desse informasjonskapslane, så kan me ikkje lagre innstillingane dine. Det betyr at kvar gong du besøker vår nettstad igjen, så er du nøydd til å aktivere eller deaktivere informasjonskapslar på nytt.
Les vår personvernerklæring her.